|
:: Forside
:: Kjøp og Salg
:: Konkurranse
:: Kontakt oss
:: Prosjekter
:: Linkar
Untitled Document
|
Før demontering:

Bilen har diverse rustskader, som skal utbedras, noko er forsøkt reparert av tidligere eier.
Dette har gjort vondt verre.
For å finne ut kva tilstand og om det er von for berging er bilen no under demontering.
Rust ser det ut til å vere bra mykje av, der det ikkje er kutta vekk og lagt over plater for å skjule elendigheta dukkar stadig opp.
Den har og fått sveisa att siderutene bak på sida, for å få eit meir race og coupe utsjånad.
Dette ser relativt brukbart ut, men er vanskelig å bedømme før alt er stål.
Det er og brukt tectyl i store mengder under bilen, noko som gjer det vanskelig å bedømme tilstanden.
Slitasje på innside av høgre framhjul samt att rattet ikkje er i senter gir og indikasjon på feil i forstilling.
Bilen har og hatt kvit farge før, med kvitt vinyl tak, men kler nok den raud fargen som er på den no betre.
Lister, dørsider etc må byttas samt trekk på førarstol.
Teppet er og modent for bytting.
Etter demontering av bilens interiør, vart det avdekka store rustskader i gulv, bak kant av dører samt baksjermar fulle av sparkel. Enkelte stadar meir enn 2 centimeter i tjukkelse. Ved fjerning av sparkelen med meisel viser det seg at bilen og har ein del bulkar skader som er dårlig retta. Vurderinga no er difor om det er betre å restaurere delebilen eller kjøpe ein tredje bil.
Det som skulle bli ein lettare kosmetisk forfrisking ser ut til å ta år og fullføre. Alt som på bildet er lakka svar er stort sett rustskade og sparkel.
Det er og funne betydelig rustskade i berande konstruksjon.
Fortsettelse følger........
|